Om oss


CREATIVO (tidligere vivoulsteinvik) er ein kombinert Hobby-, Gåve-, Interiør- og Musikkforretning, lokalisert i Blåhuset Kjøpesenter i Ulsteinvik.

 

Vi har rikeleg utval av hobbyprodukt frå Panduro Hobby og andre leverandørar. Mellom anna har vi både olje-, akvarell- og akrylmaling (Van Gogh og Amsterdam) frå Global Hobby. I barne/junior avdelinga har vi godt utval til både små og store born av både ting å lage og ferdige produkt til aktivisering. I den innhaldsrike partyavdelinga finn du alt frå ballongar, kakepynt og det du treng for å lage både sukkertøy og flotte kaker, til verktøy og kakeøskjer. Leverandørane er Cacas, Panduro m.fl.

 

Vi tilbyr dødehavsprodukt frå Dead Sea Minerals (DSM), som har mange gode, flotte hud- og hårpleie produkt for både baby/barn, damer og herrer.

 

Vi sel også Pictureit sine flotte plakatar som kun kan kjøpast i fysisk butikk.

 

Vi er distriktets einaste musikkforretning, med varer frå dei fleste kjende merkevarer.

I tillegg til musikkinstrument og rekvisita, har vi Hifi, CD/DVD og LP, note/lærebøker, etc.

 

Det er mulegheit for å betale varene du kjøper i nettbutikken, men velge å hente varene i butikken på Blåhuset om du ikkje ynskjer dei tilsendt. Då slepp du sjølvsagt å betale frakt.

 

PS! Varene du finn i nettbutikken er berre ein liten del av det vi har i butikken. Nokre varer kan vere bestillingsvarer, og vil då ha ei leveringstid på 3 - 6 dagar, avhengig av om importør har dei på lager.

 

Du er hjarteleg velkomen til å besøke vår butikk i andre etasje på Blåhuset Kjøpesenter i Ulsteinvik.

 

Nettsida vår er stadig under oppgradering, og fleire varer og kategoriar vil kome.